















































BREMNES / Svortland
Moderne, praktisk og delikat tomannsbolig i barnevennlig område | 4 soverom
Prisantydning
Størrelse (BRA)
Internt bruksareal (BRA-I)
Boligtype
Eieform
Antall etasjer
- Tomteareal
- 405 m²
- Byggeår
- 2019
- Tomtetype
- Eiet tomt
Romtyper
Soverom
Baderom
Stue
Bod
Kjøkken
Om boligen
Velkommen til Drydlandshaugen 86 – ein stilfull og moderne tomannsbolig frå 2019, oppført i solide materialar og med gjennomgåande høg standard. Som tidlegare visningsbustad vart denne delen levert med ei rekkje oppgraderingar som løfter både uttrykket og funksjonaliteten. Integrerte spotlòysingar, gjennomtenkte materialval og eit særleg helskapleg interiør pregar bustaden frå første stund. Eigedomen ligg på velstelt tomt på 405 m², med asfaltert innkøyrsel, eigen elbilladar og god parkeringskapasitet. Uteområde i front med frodig plen og eit usjenert, vestvendt uteareal på baksida der ein kan nyte rolege ettermiddagar og kveldssol i lune omgjevnader. Her får du eit privat og harmonisk uterom som inviterer til både kvile og sosiale samankomstar. Bustaden er oppført på støpt plate på mark, med ytterveggar i bindingsverk og liggande trekledning, og eit saltak tekt med betongtakstein – ei solid og vedlikehaldsvenleg løysing som ivaretek bustadens estetikk og levetid. Innvendig møter du eit delikat og moderne uttrykk, med parkett og fliser av høg kvalitet, slette vegger i gips, og utvalde detaljar som bind romma elegant saman. Planløysinga er både funksjonell og framtidsretta, med 120 m² BRA fordelt på to gjennomarbeidde etasjar. Første etasje byr på: - ein innbydande entré, - eit romsleg bad/vaskerom - og ei lys stove i open løysing mot kjøkkenet – perfekt for både kvardagsliv og gjester. I andre etasje finn du - tre (fire) gode soverom, - ei triveleg loftstove og - eit stilreint bad. Ei praktisk utvendig bod på 5 m² gir ekstra lagringsplass. Bustaden er utstyrt med balansert ventilasjon og tilstandsrapporten stadfestar at boligen er godt vedlikehalden og utan avvik som krev strakstiltak. FDV-dokumentasjon viser bruk av kvalitetsprodukt, blant anna heltretrapp og robuste, varige materialval i både innvendige og utvendige flater.
Beliggenhet
Bustaden ligg i eit etablert, roleg og familievennleg område på Drydlandshaugen – med kort veg til sentrum av Svortland og alt du treng i kvardagen. Her bur du med umiddelbar nærleik til både barne-, ungdoms- og vidaregåande skule, noko som gjer området svært praktisk for familiar i alle fasar. I nærmiljøet finn du òg idrettsanlegg, symjehall, legesenter, barnehagar og eit variert og godt handelstilbod. Alt ligg lett tilgjengeleg, slik at kvardagen blir både enkel og effektiv. Rett utanfor døra ventar fine turområde og naturstiar, perfekt for både sundagsturar, sykling, leik og trening i grønne omgjevnader. Beliggenheita gjer at ein slepp unødvendig køyring til fritidsaktivitetar, skule og jobb, samstundes som ein får eit trygt og roleg bumiljø der både små og store kan trivast.
Annet
Interessentar kan òg få innsyn i bustaden si dokumentasjon via Boligmappa på førespurnad. Her ligg FDV-informasjon, installasjonar og registrert servicearbeid samla, slik at ein får eit ryddig og transparent bilete av bustaden si historie og vedlikehald.
Utvidingsmoglegheiter
Eigedomen har svært moglegheiter for vidare utbygging for dei som ønskjer å tilpasse eller utvide bustaden. Tomta er romsleg nok til å setje opp carport dersom ein ønskjer overbygd parkering. På sida av huset, vendt mot den varme kveldssola, ligg det òg godt til rette for å etablere ei større, solrik terrasse eller vinterhage. Ei slik løysing kan skape eit svært attraktivt og skjerma uteområde som forlenger sommarhalvåret og gir bustaden ekstra bruksverdi.
Overtaking
Bustaden kan overtakast frå midten av desember, slik at ein ved rask avgjerd kan vere innflytta før jul.
Omkostninger
15 900 kr (HELP boligkjøperforsikring (valgfritt)) 88 750 kr (Dokumentavgift) 545 kr (Tinglysing av pantedokument) 545 kr (Tinglysing av skjøte) --- 105 740 kr (Omkostninger totalt) --- 3 655 740 kr (Totalpris inkl. omkostninger) NB: Regnestykket forutsetter at det kun tinglyses én låneobligasjon og at eiendommen selges til prisantydning. Det tas forbehold om endringer i offentlige og private gebyrer. Selger er selv ansvarlig for følgende gebyr: 545 kr (Panterett med urådighet)
Matrikkelinformasjon
Kommunenr: 4613
Gårdsnr: 109
Bruksnr: 713
Trygg og profesjonell kjøpsprosess
- 1
Møt selger på visning
Du møter selger direkte på visning - den personen som vet hvor sola kommer først inn om morgenen og hvor de beste skiløypene ligger. Få all informasjon fra første hånd og still spørsmål direkte til den som kjenner boligen best.
- 2
Sikker budprosess med BankID
Legg inn bud enkelt og sikkert med BankID-verifisering. Du får SMS-varsler ved nye bud og kan følge budrunden i sanntid. Systemet er mer oversiktlig og lettere å bruke enn tradisjonelle meglersider.
- 3
Profesjonelt oppgjør og overtakelse
Oppgjørsselskap med konsesjon fra Finanstilsynet håndterer alle formelle aspekter. Kontrakt signeres digitalt med BankID, og overtakelsesprotokollen gjennomføres enkelt på telefon. Alt foregår i henhold til avhendingsloven.


Vurderer du å selge selv?
Her kan du sjekke hvordan Propr fungerer - helt uforpliktende.
Ring oss på 23 90 59 00 (9–16, ukedager), eller legg igjen ditt telefonnummer så ringer vi deg opp.
Aktuelt
Kundeservice
Chat: 9–19 på hverdager, 12–20 på søndager
Send e-post: post@propr.no
Ring oss: 23 90 59 00 (10–16, ukedager)